Denne uken vil eg seie litt om kva Barton, Geertz og Arne Olav Nygard ved "Perforating School" legg i omgrepet etnografisk metode. Det er på eit vis det den same som antropologane gjer. Dei går inn i eit samfunn og forskar på det dei vil vite noko om. Ved den etnografiske metoden i literacy forsker ein på, og undersøker tale- og skrift vanar til eit bestemt utval mennesker.
Eg byrjer med "doing ethnography" og "adopting an ethnographic perspective". Det er forskarene Green and Bloom som har kome fram med omgrepet "doing ethnorapy", da går forskaren(e) inn i eit miljø i ein lengre periode (mnd/år) for å undersøkje korleis dei brukar literacy i dagleglivet. Dei ser på kommunikasjonen familiemedlemmene imellom, og andre, kva som blir skrive og kva som blir sagt. Kort sagt ein temmeleg grundig gransking. "adopting an ethnograpic perspective" er på samme vis, berre ikkje over fullt så lang tid.
Barton utvidar omgrepet "doing ethnograpy", der tek han studieobjekta inn i forskinga. Dei får vere med, å komme med sine synspunkt og refleksjonar undervegs i forskinga. Dei er ikkje berre forskingsobjektar. Han kaller metoden for "Refleksiv metode".
Ein annan forskar, Geertz, forklarer det han kaller "Thick descriptions" for å "komme- bak- kamera" verknad. Kort sagt kan det i tillegg til kva ein seier og skriv vere mange andre måtar å formidle eit synspunkt eller ei meining på. Han bruker døme med forskjellige tolkingar av det å blunke, og ein historie om ein marokkaner, ein franskmann og ein X. Fordi dei ikkje hadde same kulturbakgrunn oppstod det misforståingar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar