"Tale er sølv og taushet er gull" er det sant?
Retorikk professor Cheryl Glenn seier i Forskning.no 25.12.2009 kl. 05.00 at "Tausheten til underordnede grupper, som kvinner, urbefolkning eller fattige, blir gjerne naturalisert. Men disse menneskene er ikke tause fordi de ikke har noe å si, men fordi de blir gjort tause. De mangler en offentlig stemme og et rom å tale i, sier professoren.".
Ein ser at nokre elevar kjem ut av skolen utan å ha den kompetansen som trengs for å fungere godt i samfunnet. Denne kompetansen ønska OECD at skoleverket burde arbeide med gjennom prosjektet DeSeCo (Definition and Selection of Competencies), noe Noreg har kalla kunnskapsløftet, som har som mål å auke produktivitet og konkurranseevne. Difor må lese og skrive kompetansen bli betre.
Eit anna ord for denne kompetansen kallast literacy, det er eit omgrep som kan forklarast som skriftkunne, lesekunne, eller meir forståeleg; tilgangskompetanse. Om ein har gode lese og skrive ferdigheiter frå tidleg alder, får ein eit godt grunnlag til å løyse dei meir vanskelege oppgavene oppover i livet, viser det seg. Verda har rykka nærare og elevane har heilt nye utfordringer å løyse enn tidlegare, dei treng å vere kreative og ta i bruk nye medie-formar og hjelpemiddel.
Når det kjem til literacy og makt er det er ein fordel å sjå og å forstå regel-regimet som vi omgir oss med. Frå de nære ting, som reglane i heimen og ordensreglar på skolen - til dei store avgjerda i samfunnet som påverke oss alle. Me ønsker at vårt demokratiet skal halde fram. Politiske partier og andre som vil ha noe å sei, sloss for si sak, og argumenta kan vere vanskelege å skjøne, difor treng me tekstforståing for å kome til bunns (om det går!) i argumenta deira.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar